Dansetranskripsjon og analyse
Dansetranskripsjon, analyse og formidling av dansedokumentasjon av folkedans har vore eitt av kjerneområda for folkedansarbeidet ved Sff. Poenget med transkripsjonsarbeidet er (å læra seg) å observera og analysera danserørslene, prøva dei ut og forstå dei i praksis – og undervisa denne kunna til andre gjennom kurs, men også føra dei over i skrift for å hugsa og for at arbeidet skal kunna brukast også av andre ved seinare høve. Dei norske folkedanstradisjonane er mangfaldige i sine variasjonar av ulike danseslekter, dansetypar, geografiske og historiske varianter. Dansefilmane ved Sff forvaltes fortsatt med, og for, lokalmiljøa, men er også innsamla for forskning og undervisning. Samlingen kan brukast praktisk, av dansere, for å fodjupa seg i ein dansetradisjon eller hente inspirasjon, og den kan brukast i opplæring og forskning på ulike tradisjonar.