Fra transkripsjon til danseundervisning

Her skilderer me kort arbeidsmetodikken frå analyse av filmmateriale eller levande tradisjonskjelder til danseundervisning.

 

Steg 1:

Tenk deg eit utgangspunkt der du har mange filmar eller kjelder av same dansen. Arbeid med eitt filmopptak og eitt dansepar om gongen. Dans opptaket, herm det i alle dets detaljar parallelt med at du skriv ned stikkord kva som karakteriserer opptaket:

• Motiva i dansen og motivvariasjon

  • Korleis koordinerer dei seg saman i dansen? Kva gjer dei likt, kva kan ein variere med?

• Stega i dansen og stegvariasjon

  • Kva er sjølve teknikken i utføringa av stega? Er det ulike sviktkurver og ulike måtar å utføre stega på? Korleis utnyttar dansarane kraft og balanse? Korleis samsvarar danserytmen i stega med musikkrytmen?

• Stil

  • Kan dansen i sitt heile, eller enkelte moment skildrast med ord som hakkete, mjuk, hoppande, stilleståande, springande, holdt, avslappa, rytmisk, tydeleg eller liknande?

• Samspelet med musikken

  • Kva er forholdet mellom musikken og dansen i motiv, steg og takt og rytme? Samspel i dynamikk – kraft og tid?

Stikkord er minstemålet av nedskriving. Ønskjer ein å fordjupa seg i eit materiale og vera sikker på at ein får med alle detaljar jobbar ein mot ei full nedteikning, ein transkripsjon. Tankekart kan også nyttast.

 

Steg 2:

Sjå fleire opptak / tradisjonskjelder av same dans frå same stad.

Skriv ned:

  • Kva er sams/felles for alle opptaka?

  • Kva skil seg ut? Er det eitt par som skil seg ut, eller fleire?

Skriv ned i stikkord ei generalisert skildring av opptaket dvs kva er kjerna, og kva er variasjonar.

 

Steg 3:

Korleis undervise denne dansen for ulike målgrupper?

Til nybyrjarar underviser me ofte kjernen i dansen – på ein aktiviserande og engasjerande måte.

Kva er kjernen i dansen? Korleis undervise kjerna i dansen?

Kor ligg fokuset for danselæraren? Er sluttmålet for undervisinga at «det skal funke på dansefest», eller at «alle må danse alle stega rett»?

(Me kan alle ofte rote oss litt vekk i at me ynskjer for mykje av folk med ein gong: masse kjekke variasjonar eller «viktige element» for at det skal verte til dømes springar eller reinlender. Det kan vera greitt å minna seg på kva som er kjerna, og kva me ynskjer skal vere fokuset i nybyrjerfasa.)

Når me arbeider meir med dansen jobbar me med å utvide steg- og motiv-repertoaret. Me jobbar også meir med taktforståing og generell danseteknikk for eksempel rundsnuteknikk som trengs i dansen.

Korleis underviser me denne dansen då, for å utvikle desse eigenskapane?

Når me skal få dei me underviser opp på eit topp-nivå kjem ofte terping på danseteknikk og jobbing med dansikalitet. Dei bør også ha full kontroll på danseforma i form av steg- og motiv-variasjonar. Kan dei leika med ulike stiluttrykk, eller skal me heller oppmoda til å finna sin individuelle dansestil?

Korleis underviser me til dømes Fanaspringar då? (Kva kjenneteiknar dei beste nolevande springardansarane på Sør-Vestlandet?)

Bruk gjerne nivådelingstabellen som eit utgangspunkt for danseundervisninga di.

 
Neste
Neste

Transkripsjon av dans: Symbolbruk og skrivepraksis