Oversikt over vanleg danseterminologi

Vi ønskjer her å gje eit enkelt oversyn over terminologi vi brukar i arbeidet med folkeleg dans.

  • Svikt og sviktsystemet

  • Trinn og steg

  • Terminologi for runddans

  • Terminologi for bygdedans

  • Takt/utakt og metriske prinsipp

Denne sida er under utarbeiding.

Svikt og sviktsystemet - trinn og steg

Sviktande opp og ned bølgerørsler i heile kroppen er typiske for kroppsleggjering av rytme i folkedansen, og også mekanikken til kroppen for å bevega seg framover i ståande posisjon. For at vi i det heile skal kunna flytt på oss, må vi skitesvis løfta kroppen og sleppa oss nedatt, og det er denne rørsla opp og nedatt vi kallar svikt. Dei ulike detaljerte utføringane av svikten, ulike former av løft og fall utførte med ein spesifikk kroppsmekanikk gjev rom for og skaper ulike utføringsmåtar i form av kraft, tyngde og balanse til ulike og spesifikke danserytmar i ulike tradisjonsmiljø.

Analytisk kan ein seie at ein svikt består av ei bøying \ og ei strekking /. Bøyinga er ein konsekvens av at me lar kroppen vår falla ned, at me slepp oss ned ved hjelp av okle, kne og hofteledd, for deretter å løfta oss opp av dei same ledda til ei ny bølgerørsle.

Svikt og sviktanalysesystemet, og sambandet mellom trinn og steg er godt framstilt på sidene 62-64 i Norske folkedansar : turdansar (nb.no).

 

Terminologi for runddans

Namnet runddans kjem av å danse rundt – det mest typiske motivet for rundanstypane vals, reinlender, masurka og polka. Desse fire hovudgruppene (som har fleire undergrupper), er delt inn etter musikktypen som vert spelt til dansane. Dei vert rekna som ei danseslekt – motedansar som oppstod og var svært populære i Europa på 1800-talet, og som har fått sine særnorske og også geografiske drag her i Noreg. Desse danseformene vert dansa i folkeleg dansetradisjon enno i dag i visse miljø, og dei vert rekna til det norske folkedansrepertoaret.

Typisk oppbygging av runddansformer er å dansa rundt. Omdansingsmotiv er terminologien som vert nytta. Nokre av danseformene har også promenademotiv – motiv der paret forflytter seg i danseretninga utan å snu rundt. Til dømes består ein open reinelder av eit promenademotiv der paret dansar framover i danseretningen, side om side, før dei dansar saman rundt ei teit omdansingsmotiv – i kursforma og i kystområda – ofte i ein eintaktssnu.

Nedafor kan det sjå ulike former for runddansmotiv skildra i ein tabell:

 

Terminologi for bygdedans

Bygdedansane er dei eldste formene for pardans me kjenner til i Noreg – og dei har namn som springar, springdans, pols, halling, gangar. Solodansen halling vert også rekna til bygdedanstradisjonen. Dansane har opphav før 1800, men har blitt dansa i folkeleg tradisjon heilt opp til våre dagar. I Noreg har me ei stor variasjonsrikdom i bygdedanstradisjonen vår, og skildringa av typisk oppbygging og metriske prinspipp blir derfor litt omfattande i skriftleg framstilling. Saman med den skriftlege framstillinga vert det difor anbefalt å bruka videodømene i Noreg i dans og spel – Læremateriell for musikkfaget.

 

Typisk oppbygging av bygdedansformer

Skriven av Egil Bakka i samband med læremateriellet Noreg i dans og spel.

Mange springar- og gangar/hallingformer og enkelte polsformer er bygde opp av 3 hovuddelar: vendingsdel, lausdans og samdansdel. Vi gir ei skildring av kvar av hovuddelane. Kvar hovuddel kan vera sett saman av ulike mindre delar, som vi kallar motiv. Motiva i vendingsdelen er gjerne grupperte etter kva tak som er brukte. Motiva i samdansdelen er grupperte etter kva type snuing som er brukt.

DEL 1 Vendingsdel

Der gut og jente dansar i danseretninga, svingar under armane til kvarandre eller dansar rundt saman med tak der dei held kvarandre i begge hendene og vender i same retninga.

Eihandstak og tohandstak

I vendingsdelen kan ein ha tak der gut og jente held i kvarandre med eine handa. Det kallar vi eihandstak og tak der dei held saman med begge hender, det kallar vi tohandstak.

Vendingsdel: eihandstak

Vendingstak

Bygdedansane har mange spesielle tohandstak i vendingsdelen der gut og jente held saman med venstre hand i venstre og høgre hand i høgre. Desse taka kallar vi vendingstak. Det er tak dei ofte brukar når dei dansar rundt saman, vende i same retninga. Vendingstaka kan også brukast når ein dansar framover langs ringen. Dei ulike vendingstaka har òg eigne namn: akslevendingstak der eine handparet kviler på akslag til den eine parten, sidevendingstak der eine handparet kviler i sida til den eine parten og krossvendingstak der paret held saman med armane krossa framom seg.

Vendingsdel: tohandstak/vendingstak







DEL 2 Lausdans

Der gut og jente dansar kvar for seg og der det kan skje eit partnarbyte.

Lausdans




DEL 3 Samdansdel

Der gut og jente dansar rundt saman vende mot kvarandre eller til side for kvarandre, men då vende i kvar sin retning med ei eller anna form for snuing.

Når eit par dansar rundt saman vende mot kvarandre eller litt til side for kvarandre vende i kvar sin retning, kallar vi det ei snuing, ein snu, eller ei omdansing. Det er ulike typar for snuingar.

Snuingstypar i samdansdelen

Bygdedanssnu

Ei snuing som er særleg typisk for bygdedansane; gut og jente dansar rundt saman litt til side for kvarandre, vende i kvar sin retning.

Samdansdel: Bygdedanssnu

Runddanssnu

Snuingstypar som ser ut til å ha kome til Norden i samanheng med rund­dansen omkring eller litt før år 1800, og som har gått inn som del av både runddansar og bygdedansar. Gut og jente dansar vende beint mot kvarandre.

Eitaktssnu

Ein type runddanssnuing der ein kjem rundt 1 gong på ei takt musikk, t.d. i reinlender når ein svingar rundt på t.d. 2 hoppsteg. 

Synkron/asynkron eitaktssnu

Eitaktssnu dansa i 3/4 takt og med berre totrinnssteg (som i springpolka, nordnorsk springar eller medsolssnuen i Rørospols). Slike snuar har eitt trinn med to taktslag og eitt med eitt taktslag. Når gut og jente tek trinnet med eitt taktslag samstundes og trinnet med to taktslag samstundes, dvs. heile tida trør til ny fot på same tid, kallar vi snuen for synkron (samtidig). Når dei ikkje trør samtidig kallar vi snuen asynkron. Snuar der ein eller begge parter dansar 4-trinnsteg klassifiserer vi ikkje som synkron eller asynkron.

Totaktssnu

Ei rundanssnuing der ein kjem rundt 1 gong på 2 takter musikk, td. i vals eller galopp der ein svingar rundt på t.d. 2 bytomomfotsteg. Omgrepet blir ikkje brukt om bygdedanssnuar.

 

Takt/utakt

Å dansa i takt

Når dansaren følgjer takta i musikken med dansestega sine slik som tradisjonen seier ein skal gjera, dansar han i takt.

Å dansa i utakt

Når svikten i stega til dansaren heilt misser samsvaret med pulsen i musikken, seier vi at dansaren er i utakt.

Dansa i mottakt (baktakt)

Når svikten i stega til dansaren svarar til pulsar i musikken, men ikkje på den måten som tradisjonen krev.

Dersom tradisjonen seier at eit dansesteg skal liggja slik på takta:

1          2          3        

VS        s           HS

er det mottakt om vi dansar:

  1        2          3

HS        VS        s

 

Metriske prinsipp for tilhøvet mellom dans og musikk

Dei pulsane i musikken som gir viktigaste signala til dansaren, taktslaga, kan gruppera seg på ulikt vis. Ei gruppe av slike pulsar kallar vi ei takt. Om pulsane grupperer seg to og to får vi ein todelt eller likedelt takt, grupperer dei seg tre og tre, får vi ein tredelt eller ulikedelt takt. Det har vore ei vanleg oppfatting at stegperiodane i dansen skal ha lengder som samsvarar med eller går opp i lengda på takta.

Udelt takt

Den udelte takta er eit bestemt forhold mellom metrikken i musikken og stegperiodane i dansen. I den udelte takta tek ikkje dansaren omsyn til korleis taktslaga i musikken grupperer seg. Dansaren lagar stegperioder som kan gå over 1 taktslag, 2 taktslag, 3 taktslag, eller 4 taktslag i fri blanding, eller dansar utan klåre stegperiodar i fri blanding av springing og hopping. Det er det same om slåttane han dansar til er tredelte, todelte eller blandar grupper med td. 2, 3 eller 4 pulsar. Det er kvar enkelt puls i musikken som er meiningsberande for dansaren, og pulsen skal svara til kvar enkelt svikt i dansen. Mest typisk og tydeleg er den udelte takta i springarformer på Vestlandet frå og med Nordfjord til og med Rogaland, og dei fleste slåttane her er tredelte.

Tredelt takt

Når vi gjennom betoning, aksent eller andre musikalske virkemiddel kan høyra at 3 og 3 taktslag utgjer ei gruppe, ei takt, kallar vi det tredelt takt. Det er vanleg at ein brukar steg som går over eitt, tre eller seks taktslag til ei tredelt takt.

Symmetrisk/asymmetrisk tredelt takt

Når alle dei tre taktslaga i ein tredelt takt ikkje har same tidslengde, men eitt er kortare og eitt er lengre enn det tredje, kallar vi det asymmetrisk takt. Når alle taktslaga er like lange, kallar vi takta symmetrisk. Vi brukar då ordet taktslag både i tydinga som ein puls og om varigheta mellom pulsane. 

Taktbrot

Når vi i ein melodi med ein fast, klar taktart, todelt eller tredelt, får ei takt som har eitt taktslag meir eller mindre enn normalt, kallar vi det taktbrot. I dansen kan det vera taktbrot ved at stegmønstra til vanleg går over 3 taktslag, td. 2 eller 4. Dermed blir den tredelte takta i musikken broten, og dansarane som følgjer ein tredelt takt med tredelte steg kjem på det vi i andre tradisjonar ville kalla mottakt. I tradisjonar der taktbrot er akseptert, er dette ein del av det frie spelet mellom musikken og dansen.

 
Forrige
Forrige

Transkripsjon av dans: Symbolbruk og skrivepraksis

Neste
Neste

Dansekonsept og realisering