Tilpasset opplæring
Når me planlegg danseundervisning er det viktig å ha i mente at i undervisninssituasjonane har me alltid ulike individ som lærer forskjellig, dei har ulike utgangspunkt og er som ofte er på ulike nivå. Me anbefaler difor å alltid tenkje på variasjon, progresjon og korleis nå enkeltindivida i undervisinga. Ofte kan me ha både nybyrjarar og vidarekomne og ulike aldarar i same gruppe. Nivådelingstabellen under er både tenkt som eit døme, og ein modell me håpar kan tene til inspirasjon, vidareføring og fornying omkring korleis me underviser folkedans, eller ei spesifikk danseform for ulike individ som er på ulike nivå i danseinnlæringa si. Nivådelinga i dømet under er tredelt og hadde målgruppa 16-19 år i tankane: Nybegynner, mellomnivået og toppnivået.
Nybegynner
Til nybyrjarar underviser me ofte kjernen i dansen – på ein aktiviserande og engasjerande måte.Kva er kjernen i dansen? Korleis undervise kjerna i dansen?
Kor ligg fokuset for danselæraren? Er sluttmålet for undervisinga at «det skal funke på dansefest», eller at «alle må danse alle stega rett»?
(Me kan alle ofte rote oss litt vekk i at me ynskjer for mykje av folk med ein gong: masse kjekke variasjonar eller «viktige element» for at det skal verte til dømes springar eller reinlender. Det kan vera greitt å minna seg på kva som er kjerna, og kva me ynskjer skal vere fokuset i nybyrjerfasa.)
Mellomnivået
Når me arbeider meir med dansen, på mellomnivået jobbar me med å utvide steg- og motiv-repertoaret. Me jobbar også meir med taktforståing og generell danseteknikk for eksempel rundsnuteknikk som trengs i dansen.Korleis underviser me denne dansen då, for å utvikle desse eigenskapane?
Toppnivået
Når me skal få dei me underviser opp på eit topp-nivå kjem ofte terping på danseteknikk og jobbing med dansikalitet. Dei bør også ha full kontroll på danseforma i form av steg- og motiv-variasjonar. Kan dei leika med ulike stiluttrykk, eller skal me heller oppmoda til å finna sin individuelle dansestil?