Lekende tilnærming
Leik dreier seg i sterk grad om relasjonar, om samvær, å uttrykka og utfordra seg sjølv innanfor klare sosiale rammer.
Å seia at kunst eller folkedans handlar om relasjonar, er på ein måte det same som at leik handlar om relasjonar. Ein har eit bestemt mønster eller regelverk, slik som til dømes ein vals, som ein så kan leika saman. Ein finn mange slike eksempel på rammer for relasjon som skaper leik og samvær.
I Bygda dansar-rapporten DEL 2. Pedagogisk arbeid i Bygda dansar forfatta av Siri Mæland og Sigurd Johan Heide, 2001 står det:
“Allereie på skuleturneane har elevane møtt folkedanstradisjonane frå sine fylke som samværsformer. Me har vore opptekne av å nytta oss av metodar for rask meistring av nokre få utvalde danseformer. Me har laga rammer for at ungdommane raskt skal meistra å dansa saman. Metoden er basert på å gje dei nokre konkrete faste strukturar for motiv, med rask progresjon i steginnlæringa med utgangspunkt i rørsler dei allereie kjenner: gåing, springing og hinking. Når denne strukturen er oppnådd, gjev me dei konkrete element som dei kan leika seg med, variera og improvisera alt etter dansetype og tradisjonsområde. Med ei slik tilnærming har me ønskt å visa ungdommane at folkedans er samvær, samvær om å skapa eit fellesskap i danserytmar til musikk. Vi ønskjer å visa at folkedansen er fast og strukturert, men samtidig skapt i nået og open for at kvar enkelt kan leika seg i og med strukturen og gjera si tolking og sin versjon. Leik dreier seg nemleg ikkje berre om relasjonar, men også om eiga kroppsleg utfalding og utforsking.
Foto: Thor Hauknes / Kulturfotografen
I daglegtalen kan ein seia om gode dansarar at dei leikar seg med musikken, at dei leikar seg med kraft og balanse, at dei leikar seg med elementa, at dei leikar seg med strukturen osv. Det er denne leiken til dei gode dansarane me har ønskt å gjenskapa saman med ungdommane og i talentutviklinga. Det lettaste har då vore å gripa fatt i leik med enkle stegmønster, eller leik med enkle strukturar. Me startar difor ofte med danseformer som har ein slik leik innebygd.
Solodansen halling er ei ynda danseform for å læra ungdommane om leik, variasjon og improvisasjon. I og med at det i hallingen ligg så mange motiv og turar som i seg sjølv har vorte brukte som leik og småkonkurransar, er det mest berre fantasien som set grenser for leiken. I hallingen er det også enkelt å kunna tilpassa dansen til den enkelte sin fysikk, behov og ønske for kroppsleg utfalding.
Men i folkedanstradisjonen ligg ofte leiken og samværet likså mykje i dei små strukturane som i dei store. Ungdommane treng difor å læra å leika seg med strukturar som kontrastar, med dynamikk, å leika seg med kraft, små og store rørsler, brå, mjuke, hakkete osv. sviktkurver, framdrift, skrittlengde, rotasjon, balanse osv. Denne leiken handlar om forholdet til musikken, men også å læra seg korleis ein kan uttrykka musikken med kroppen. Leiken handlar om å utvikla sin eigen dansikalitet. Med dansikalitet meiner me evna til å skapa danseuttrykk gjennom variert og dynamisk bruk av rørsler, til å utvisa god dømmekraft i utnytting av kraft, tyngde og balanse i tid og rom i samhandlinga med meddansaren sine rørsler og medmusikaren si utøving av slåtten. Utgangspunktet er heile tida danserørslene, dei vertikale, sviktande danserørslene, og korleis desse vert tolka i kvar enkelt dansetype i kvar enkel dansetradisjon (Mæland, 2014).”
Også i bruken av leik som metode dannar kunnskapen om folkedans som samværsdans grunnlaget for tenkemåten, her i godt samspel med idégrunnlaget og menneskesynet om det musiske og skapande mennesket (Bjørkvoll, 1989).