Prinsipp for talentutvikling

I 21 år (2001-2022) har Norsk senter for folkemusikk og folkedans drive med talentutvikling for ungdom (kjernegruppa mellom 16-18 år) gjennom 3-årige ambulerande fylkesvise prosjekt – Bygda dansar (BD). Me vil her skildra BD sin måte å drive folkedanspedagogikk og talentutvikling på. Det som er skrive under er eit utdrag frå Bygda dansar-rapporten DEL 2. Pedagogisk arbeid i Bygda dansar forfatta av Siri Mæland og Sigurd Johan Heide.

 

3 viktige faktorar for ungdomsarbeid og talentutvikling for ungdommar

  • Det sosiale miljøet og stemninga i deltakargruppa

  • Moglegheita til å utvikle seg som dansar

  • Instruktørane

Dette vart rapportert frå ungdommane sjølve om kva faktorar som var viktigst for å bli i prosjektet. Sjekk gjerne dei andre faktorane frå deltakarundersøkinga side 67, andre kolonne i DEL 3 av rapporten 20 år med Bygda dansar, side 67 (andre kolonne).

Det som har kjenneteikna BD sitt dansefaglege og dansepedagogiske arbeidet er:

  • Folkedans som samværsdans

  • Folkedans som teknikk og estetisk uttrykk

  • Folkedans som tradert i lokalmiljø mellom generasjonar

  • Talentutvikling

  • Sceniske produksjonar

Foto: Thor Hauknes / Kulturfotografen.no

5 viktige prinsipp for det dansepedagogiske arbeidet har vore:

  • Å dansa med – læring på gamlemåten

  • Heia på personleg uttrykk

  • Bruka lokale dansetradisjonar

  • Bruka levande musikk

  • Leik og samvær

Kjernen i danseopplæringa har vore:

  • intuitiv rørsle- og musikkforståing (svikt, takt og rytme) i nybyrjaropplæringa

  • å øva inn kva rammer og strukturar som er kjernen for kvar enkelt dans/danseform, og konteksten rundt denne

  • å øva inn grunnleggande rytmikk, tak og formasjonar

  • å øva inn rammer og strukturar for eventuell variasjon og improvisasjon knytt til rytmikk, tak, motiv og formasjonar

  • å øva mot ein avslappa, avspent kropp: å vera rytmisk i heile kroppen for å kunna dansa saman med musikken

  • å øva på dansikalitet: ulike typar kraft og dynamikk i same rørsle, og i med- eller motfase mot musikken

  • å øva på å lytta – til eigen partnar, til musikken, til rommet

Tips frå BD til ungdoms- og talentutviklingsarbeid:

  • Ha ein langsiktig plan og strategi for danse- og musikkarbeidet

  • Personleg kontakt med ungdommane

  • Rekruttering er ei sak – langsiktig dansearbeid ei anna

  • Kven kan hjelpe meg/oss å nå måla – bygg nettverk

  • Grep for læring, for å gjera dei til betre dansarar:

  1. Repertoar (tenk progresjon for eit kjenrerepertoar, ikkje nødvendigvis «nye» dansar)

  2. Dansefaglege mål (sett dansefaglege mål som både handlar om sosiale aspekt i gruppa – samværsdans, om koordinasjon og teknikk, om dansikalitet (rytme og variasjon i tyngde, balanse og dynamikk i forholdet til musikken) og om sceniske eller kunstnarlege mål om framsyning eller sceniske produksjonar er eit aspekt ved talentutvikling)

 
Neste
Neste

Mål for talentutvikling