Til minne om Gunnar Stubseid (1948-2024)

Det var med sorg og sjokk me tok imot meldinga om at vår gode samarbeidspartnar gjennom mange år, hardingfelespelaren, pedagogen, folkemusikkforfattaren og kulturbyggjaren Gunnar Stubseid frå Bygland i Setesdal var gått bort etter kort tids sjukeleie.  

Me minnes Gunnar i Bogota, Colombia  desember 2019 då setesdølane sin dans, spel, kveding og stevjing vart innskriven på UNESCO si internasjonale representative liste over immateriell kulturarv. Det var ein stolt Gunnar som saman med si Kari (på telefonen frå Noreg) og Astri Rysstad kvitterte for innskrivinga med spel og kveding for eit internasjonalt immaterielt kulturarvs byråkrati og ikkje-statlege organisasjonar. I arbeidet deira for at spel, dans, kveding og stevjing skulle bli ein del av UNESCO si liste over immateriell kulturarv, samarbeida dei gjennom Setesdal spelemannslag mellom anna med lokale utøvarar, museum, arkiv, skular og kommunar. Dette arbeidet og samarbeidet fortsette i Setesdal gjennom prosjektet Setesdalsfolk, og dei er og har vore eit føredøme også for andre tradisjonsmiljø. Den lange søknadsprosessen til setesdølane synleggjorde den levande kulturarven ikkje berre for dølane sjølve, men òg for lokale, regionale og nasjonale aktørar og myndigheiter.  

Me minnes Gunnar i Trondheim i 2015 då han vart hylla av eit samla miljø og mottok Rff-prisen, noverande prisen for folkemusikk og folkedans for si ekstraordinære innsats for folkemusikk- og folkedansfeltet. Han fekk prisen «for sin store allsidighet og engasjement, som bl.a. omfatter en betydelig innsats for etableringen og utviklingen av Ole Bull Akademiet, en karriere som en av våre fremste hardingfelespelmenn både som soloutøver og med flere nyskapende samspillprosjekter og et mangesidig forfatterskap på folkemusikkfeltet». Nedanfor kan de lese meir om allsidigheita hans, og den fullstendige grunngjevinga for prisen. 

Me minnes Gunnar på Ole Bull Akademiet (OBA), Voss i 2009 då han som rektor mogleggjorde eit pilotstudium, ei bachelorutdanning: Utøvarstudium i tradisjonsdans (2009-2012). Studiet vart tilbydd av institutt for musikk ved NTNU i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans og OBA. Samarbeidet med folkemusikarane ved institusjonen, og den sterke meistarlæretradisjonen på folkemusikksstudiet til OBA vart tilpassa folkedansstudiet, og vart ein nyskapande og suksessfull komponent i utøvarstudiet for dansen. 

Takk Gunnar for at du brukte eit heilt liv på – gjennom ditt liv og virke – å vise at det å spela, synga og dansa er kulturuttrykk som knyter band mellom menneske, og som gjev oss identitet som aktørar i eit samfunn. Kvil i fred. 

Forrige
Forrige

Små og raske midler 6. tildeling, 14. august 2024

Neste
Neste

Små og raske midler 5. tildeling, 19. juni 2024