Seminar: Dei tok oss med i dansen

Me hyllar den store danseformidlaren og -innsamlaren Klara Semb som hadde vore 140 år i 2024!

Me invitera til seminar med dansefordjuping og repertoar for fellesskap og samværsdans. Me vil både ta for oss det enkle, og fordjupa oss i avanserte steg og rytmar. Seminaret passar for kunnige folkedansarar som anten:

  1. ønskjer å veta meir om kva norsk repertoar dei kan nytte som oppvarmings- og fellesskapsdansar, og som ønskjer å få eit overblikk både over dette, eller

  2. ønskjer ei fordjuping i noko av dette repertoaret. Seminaret eignar seg både for folkedansaren og folkedansinstruktøren; både til dei som instruerer barn og unge, og dei som har ei meir vaksen målgruppe. 

Seminaret vil ha fordjuping i parallelle økter:

  • Formidlingsmetodar: Korleis me alle kan vera med å skapa gode fellesopplevingar med kvarandre i dans? Me vil ta for oss dansar som er enkle å få folk med i og ta del i – på danseøvingar og på fest, kor også danseinstruksjonen og danseformidlinga vert vektlagt. Deltakarane vil kome heim med eit fellesrepertoar med røter i norsk samværsdans. Fellesrepertoar kan vera dansar der alle dansar i stor ring, eller mindre ringar som seks og tre. Fleire av desse reknast som bygdedansslekta og runddansslekta turdansar, dansar godt eigna også for eit lokalt tilsnitt.

  • Fordjuping i steg og rytmar: Me har mange dansar i det norske folkedansrepertoaret som går i valse- eller riltakt, gåande eller i meir intrikate rytmar. Me vil fordjupa oss i steg og rytmar i feiar spesielt, men også ril og valsesteg, og særdraget desse har i det norske repertoaret. Me tek utgangspunkt i og vil diskutere revisjonsarbeid og arkivmateriale.

Dansane på seminaret tek utgangspunkt i revisjonsarbeidet Noregs Ungdomslag gjorde etter Klara Semb, Norske folkedansar – Turdansar (1991), og arkivmaterialet som vart nytta og som ligg i arkivet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Turdansboka finn du på www.turdans.no

Me kjem attende til meir detaljar rundt seminarinnhald, seminarhaldarar og spelmenn. 

Tid:

  • Fredag 1. mars: Seminar kl. 19.00 – 21.00

  • Lørdag 2. mars: Seminar kl. 09.00 – 16.15. Dansefest i BUL-salen kl. 19.00 – 23.00.

  • Søndag 3. mars: Seminar kl. 09.30 – 14.00.

Stad: BUL-salen og Trønderkjeller’n (Trondheim)

Billettar her: https://app.checkin.no/event/67334/seminar-dei-tok-oss-med-i-dansen

 

ARRANGØR: Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans 

Forrige
Forrige

Små og raske 1. tildeling, 30. januar 2024

Neste
Neste

Musikalsk lokalhistorie - konsert og arkivdykk