Kjelde-CD 2: Slåttespel i Oppdal- Orkladals-tradisjon
Utgjeve 1998
Slåttespel frå Oppdal til Orkanger
Oppdal og bygdene frå Rennebu til Orkanger representerer knapt eit område som klart har like tradisjonar i slåttespelet. Når Trøndelag folkemusikklag i samråd med Rådet for folkemusikk og folkedans, Rff-senteret, har valt a lage ein eigen CD-produksjon med arkivopptak av slåttemusikk frå desse bygdene, har dette også ein del med praktiske og geografiske tilhøve å gjera. Det finst likevel ein del fellestrekk i tradisjonsområdet. Det gjeld ikkje minst ein del av slåtterepertoaret og til ein viss grad spelestilen.
Oppdal, som er eit sentralt trafikknutepunkt, har fatt musikkimpulsar frå fleire distrikt. På 1800-talet fekk mange Oppdalsspelmenn musikkopplæring i Trondheim, ikkje minst i klarinettspel og notar. Når dei returnerte, hadde dei med seg nytt repertoar frå byen. Fleire slåttar har frå gamalt funne vegen frå Nord-Gudbrands-dalen over Dovre med omvandrande spelmenn. Storspelmannen Loms-Jakob var fleire gonger i Oppdal. Da Dovrebanen vart bygd, kom spelmenn frå ulike distrikt til Oppdal. Vi veit m.a. at folk frå Ålen- og Rørosområdet som spela fele og trekkspel, var med på anlegget, og det finst bevart slåttar etter desse spelmennene. Oppdalsspelmennene har elles alltid hatt mer kontakt med felespelarar i Kvikne og Rennebu, og her har slåtteutvekslinga vore stor.
Klikk på denne lenka for å opne tilhøyrande teksthefte som PDF. (Opnast i ny fane.)






