Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Klara Semb si samling lansert digitalt

17. oktober, på dagen 140 år etter at vår store folkedans- og folkedrakt-samlar og pedagog - Klara Semb - vart fødd, lanserer Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans den fyrste digitaliserte biten av dei enorme samlingane etter henne. Samlingar som inneheld 1500 registrerte element, daterte frå 1905 til 1967.

Saman med forløparen Hulda Garborg, er Klara Semb (1874-1970) vår største autoritet på norske folkedansar og -drakter. Men medan Garborg var ideologen, var Semb den som omsette kunnskapen i praksis. Ho laga pedagogiske opplegg rundt folkedansen og lærte dansen vidare, ho samla og noterte ned dansar frå heile landet. Og undervegs leita ho opp gamle draktplagg og gav råd til dei som ville arbeida fram sine eigne lokale bunader. Ho vart den berande eksperten i Landsnemnda for bunadsspørsmål.

I 1966, fire år før ho døydde, testamenterte Klara Semb alle bøkene ho hadde skrive og heile samlinga si til NU, der ho hadde arbeidd det meste av livet. Då Semb døydde, fekk Egil Bakka hand om samlinga. På det tidspunktet var han sivilarbeidar i NU, i dag er han professor emeritus i folkedans ved NTNU. Samlinga er sett saman av bøker, kartotek, foto, avisutklipp, notar og ulike handskrivne og trykte papir, som program brev, fakturaer o.l. Bunadssamlinga vart etter kvart til sendt til Landsnemnda for bunadsspørsmål.

Klara Semb i Setesdalsbunad. Foto fra Klara Semb si samling. 

Ein gong rundt 1973-74 vart samlingane til Semb deponerte hjå det som den gongen heitte Rådet for folkemusikk og folkedans, men som no heiter Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Gjennom meir enn 10 år har arbeidet med å digitalisera samlinga pågått. Det har skjedd som eit pilotprosjekt, i eit samarbeid mellom NU og Sff. I 2023 gjorde dei to partane ein avtale om å gjera alt materiale tilgjengeleg gjennom Digitalarkivet, som er eigd og drifta av Arkivverket.  

Frå og med 17. oktober og i nokre månader framover, vert Klara Semb-samlinga lansert digitalt. Bit for bit, og med eit utplukka høgdepunkt kvar månad.

«Noregs Ungdomslag har eit ansvar for å forvalte den store arven etter Klara Semb. Semb var oppteken av folkeopplysning, ein verdi ho deler med organisasjonen ho brukte mykje av sitt liv og virke i. Samlinga viser nettopp dette: eit stort spekter av informasjon samla inn over mange år, breidda av kva ho var oppteken av, og heile mennesket Klara Semb. Det er derfor ein stor glede for oss å være med på å lansere Klara Semb-arkivet», seier Magni Hjertenes Flyum, Generalsekretær i NU. 

NU markerer klara Semb si fødselsdag og lanseringa av Klara Semb-arkivet fredag 18. oktober kl. 19:00 i Ervingen Ungdomslag i Bergen. Her blir det ein kort presentasjon av arkivet ved Lene Storhaug, eit føredrag om Klara Semb av styreleiar i NU, Torbjørn Bergwitz Lauen. Etter det blir det servert bollar og brus, i ein storslått bursdagsfeiring på kvelden.   

På denne siden kan du lese meir om samlinga og bla i materialet i Digitalarkivet.