Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Mål for talentutvikling

Skal ein bygga opp eit miljø, har ein kontinuerlege danseøvingar, eller ønskjer ein å få til aktivitet anbefaler me å setja seg mål for sjølve danseundervisninga.

I talent- og ungdomsprosjektet Bygda dansar endte me opp med svært systematisk jobbing rundt plan-, strategi- og målarbeid. Me håpar de kan bli inspirert av korleis me løyste dette – og kan overføra arbeidet til dykkar mål og målgrupper.

Kvart prosjekt jobba med å finna sine dansefaglege mål for prosjektet og ungdommane – overordna mål og konkrete delmål. Desse målsettingane hang saman med det overordna rammeverket for dei tre åra: Første året er dette rekruttering og etablering av prosjektet. Andre året er undervisning av tradisjonsmateriale og midtframsyning. Tredje året dreier mykje av arbeidet seg mot sluttframsyninga. Fagkonsulentane [danseinstruktørane] sette seg også ulike dansefaglege mål for dei ulike åra, eit overordna mål for kvart år, og deretter nedfelt i delmåla sosiale ferdigheiter og ensemble-tenking, koordinasjon og teknikk, dansikalske mål og det sceniske og kunstnariske som skissert her:

I dette rammeverket gjorde fagpersonalet strategiske val av danse- og musikkrepertoar på rekrutteringsturné, helgesamlingar, midt- og sluttframsyningar. Dei måtte også ta stilling til kva repertoar som trengst eller som det er ønskeleg å utforska nærare, og også kva repertoar ein ønskjer dei lokale instruktørane skal ta hovudansvaret for. Andre strategiske val gjaldt progresjon i dansearbeidet, kva dansekvalitetar ein ønskjer å framheva, pedagogiske og metodiske val. Dette vart deretter sett i samanheng med dei menneskelege ressursane som prosjektet treng for å nå måla. Ein ser på kva ressursar som allereie ligg føre hos fagpersonalet, og på kva ressursar ein ønskjer å hyra inn i prosjektet. Involvering av lokale dansarar og musikarar låg som ein premiss. Det låg også ein premiss at ein skal nytta seg av eksternt personale til produksjonane. Slik såg det generelle planverket ut då dansepedagogane og dei prosjekt-tilsette starta opp:

Bygda dansars dansestrategiske mål (generelt):

Hovudprinsipp i Bygda dansar:

  • Smått er godt

  • Heia på personleg uttrykk

  • Lokale dansetradisjonar

  • Levande musikk

Tips:

  • Ha ein langsiktig plan og strategi for danse- og musikkarbeidet

  • Den lokale danse- og musikktradisjonen i fylket i si tradisjonelle from med god folkeleg teknikk og stil er utgangspunktet for ALL undervisning, og ALT scenisk arbeid!

  • INDIVIDET i sentrum = PERSONLEG kontakt

Grovt skissert plan for danse- og musikkfagarbeidet i BD:

1. året: Rekruttering og etablering

  • Rekruttering: Kva for dansar? Lokale spelmenn? Kva for slåttar? Kor? Kven?

  • Helgesamlingar: Kva for dansar? Lokale spelmenn? Kva for slåttar? Kor? Kven?

  • Etablering av lokale øvingar: Kva for dansar? Lokale spelmenn? Kva for slåttar? Kor? Kven?

(BD Akershus dansefaglege mål 1. året: Å finna fram til dansen. Sjå heile rommet.)

2. året: Tradisjon (og midtframsyning)

  • Arbeid med tradisjonsmaterialet: Danse- og musikkanalysar i samarbeid med Sff og lokalmiljøet. Kva materiale vel ein ut? På kva for grunnlag?

  • Midtframsyning (tradisjonen i sentrum): Kva ungdommar har ein med? Kva tradisjonsmateriale (musikk/dans) eignar seg? Kva ressursar treng ein utanfrå?

3. året: Sluttframsyning.

  • Sluttframsyning (tradisjonsdansen som dansekunst i sentrum)

Kva dansar vert prioriterte når?

Korleis undervise desse dansane for nybyrjarar, for å få ein godt etablert dans, og for å oppnå kunstnarleg kvalitet i dansinga si? Lage plan for dette.

Dansefaglege mål for ungdommane frå nybyrjarstadiet til midtframsyninga, til sluttframsyninga

(BD Akershus dansefaglege mål for ungdommane: 1. året: Å finna fram til dansen. Vera i rommet 2. året: soloar i dans. 3. året: Å vera eit ensemble.)

Kva ressursar ligg hos BDs prosjektleiing og ved senteret for å nå måla?

Kven andre hjelper oss med å nå måla, på kva måte?

Kva er dei lokale instruktørane si hovudoppgåve? Kven bør dei vera?

Treng vi nasjonale folkedansinstruktørar med oss?

Treng vi unge førebilete?

Kva for scenepersonale osv.?