Den unike folkedanseren
Folkedanstradisjonen har alltid vore mangfaldig, variert og prega av personlege uttrykk. Me ønskjer difor å stimulere til ei opplæring som omfamnar personleg stil, til å danse variert – og at de som dansar kan ha ein stor variasjonsbank å velje frå – både dagens tradisjonsbærarar og tidlegare dansestilar og variasjonar.
Studerer ein tradisjonsdans fra ulike område eller tidsepokar på film ser ein både eit stort mangfald, men også at kroppslege ideal og kva som vert rekna for god dans endrar seg. Til ei kvar tid har ulike ideal vorte forvalta av ulike individ eller grupper. Eitt tydeleg skille er mellom dei som dansar i sosiale samanhengar, og dei som øver for oppvisning og kappleik. Dansen i sosiale samanhengar skal opplevast og sansast, han skal fungera mellom dei som dansar saman, og deira mål er ofte å ha det mest mogleg moro med dansen. Dette er eit anna ideal enn dei som øver og dansar for eit publikum som skal sjå på. Då har ein det moro med å øva fram god dans og presentasjon av denne for synssansen. Det kan vera glidande overgangar mellom desse funksjonane for dansen, og i begge grupper kan ein finna sterke ideal for dansinga.
Korleis ein underviser dansen vil ha mykje å seie for kva mangfald, variasjon og individuell variasjon deltakarane dansar med etter undervisningsslutt.
Innafor musikken snakkar ein om musikalitet, og korleis uttrykka seg musikalsk. Eit tips kan vera å tenkja på korleis me kan undervisa for å oppnå dansikalitet innafor vår sjanger. Korleis kan me jobba med sjølve dansinga, det å dansa, det å uttrykka seg dansikalsk?
Dansikalitet
Med dansikalitet meiner me evna til å skapa danseuttrykk gjennom variert og dynamisk bruk av rørsler, til å utvisa god dømmekraft i utnytting av kraft, tyngde og balanse i tid og rom i samhandlinga med meddansaren sine rørsler og medmusikaren si utøving av slåtten. Utgangspunktet er heile tida danserørslene, dei vertikale, sviktande danserørslene, og korleis desse vert tolka i kvar enkelt dansetype i kvar enkel dansetradisjon.
Tips til undervisningsopplegg – dansikalitet og teknikktrening.