Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Til minne om Ingar Ranheim (1953-2024) og gåve til komande tradisjonsberarar

Me takkar for samarbeidet, formidlinga og den faglege fordjupinga i folkedanstradisjonane.

Gåva Ingar etterlet til komande tradisjonsberarar er artiklar, bøker, film av tradisjonsdansarar, kåseri, seminarinnlegg, undervisning, engasjement for og i utøvarmiljøet, og ei brennande interesse for kunnskapen om og i tradisjonsdansen, hallingen og springaren i Valdres spesielt, men også folkedansen generelt. Den siste akademiske artikkelen hans Frå pardans og laus til tur og orden: om den norske hallingdansen (2020) er eit særs viktig bidrag til dei forskjellige uttrykka hallingdansen i dag kan ta og få, og kanskje vel så viktig i dag, som hans meir kjente hovudfagsoppgåve frå 1993: Folkedans, disiplinering og nasjonsbygging. Diskursen om dans i Valdres omkring 1905.

Ingar var ei viktig kritisk røyst i danseforskinga. Han evna å setja nytt lys over historia til tradisjonsdansen. Difor vart han ei viktig stemme for kunnskapen om dansen. Han vart ein sjølvsagt fast forelesar frå starten i 1989 på dåverande folkedansstudiet, seinare tradisjonskunnskap, folkedans ved NTNU og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. «Studentar»/ folkedansentusiastar i alle aldersgrupper i alle kull var særs nøgde med tradisjonsformidlinga til Ingar.

Hausten 2024 vil Tradisjonskunnskap, Folkedans gjenoppstå ved USN Rauland, etter 10 års fråvære. På studiet vil artiklane til Ingar, og ikkje minst den siste om den norske hallingdansen vera sentral. I formidlinga frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans vil ein sjølvsagt bit av undervisninga vera å vise opptak av Ingar og seie litt om hans sentrale rolle for at hallingdansen vart så populær, og fekk den forma som me i dag kan sjå på kappleikar og i undervisningssamanhengar over heile landet. 

Ingar sjølv uttrykte: Definisjonen på dans bør vera feiring av rørsle! Definisjonen på dans bør ikkje vera rytmisk rørsleaktivitet, sidan mykje sport og å gå også kan definerast slik. Definisjonen på dans bør vera feiring av rørsle, ein kropp i rørsle. Dans er medviten feiring av rørsle hevda du – berre sjå på borna. Men, dette visste du også så altfor godt - og du feira lenge, lenge at du var i stand til å danse, trass alle rørslevanskane! Takk for dansen, kunnskapen, inspirasjonen og dei gode dansesamtalane. Kvil i fred.

03.11.1978, Sildrehuset på Valdres Folkemuseum. Dansarar: Ingar Ranheim, Bjørn Strand, Syver Gjevre. Thor Herman Bøhle (Hamar). Spelmann: Torleiv Bolstad - hardingfele. Dans: Halling. Innsamlarar: Egil Bakka og Ingar Ranheim.