Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Til minne om Elisabeth Kværne (1953-2024)

Hjartevarme, ein skarp tanke, og eit smittande engasjement for folkemusikken og folkedansen - slik er det me minnest Elisabeth Kværne. Difor deler me no to heilt spesielle filmklipp av henne med omverda.  

Frå eit lokalt engasjement i Valdres for langeleiken, songen og dansen, gjorde ho ein heilt uvurderleg nasjonal innsats i hennar 13 år lange engasjement som medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans  (1991-2004). Ho hadde grundig kunnskapsgrunnlag for denne jobben som piano- og langeleikspelar med studium i musikkvitskap, folkeminnevitskap og folke-livsgransking, bonde og aktiv lærar i kulturskulen. Då ho gjekk ut av Rådet proklamerte ho høglytt at no var ho med i «skyggerådet», eit livslangt engasjement og støtte til føremålet «å fremme, verne og føre vidare norske folkemusikk og folkedanstradisjonar med særeigne kvalitetar», og ville for alltid følgje med på komande råd og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff). Slik vart det også, som folkemusikkarkivar ved Valdresmusea frå 2003, og ulike verv hadde ho høve til å vera aktiv del i og gjera ein stor vidare innsats for folketradisjonane både lokalt og nasjonalt. 

Ho talte alltid folkekulturen i sak, og var både dansar og spelkvinne. Ho var med å greia ut situasjonen om instrumentbyggjartradisjonane i Noreg (2007-2009), og var spesielt oppteken av langeleiken som var hennar hovudinstrument, både som formidlar og fagperson. Saman med samarbeidspartnaren over mange år, Bjørn Aksdal, registrerte dei langeleikar frå 2011, og i 2021 vart boka deira Langeleiken – heile Noregs instrument gitt ut. Denne boka fekk dei fagpublikasjonsprisen for av folkemusikkmiljøet same året, der juryen si grunngjeving starta med: «Publikasjonen vil bli stående som monumentale referanseverk i generasjoner framover og vil være forbilder og til inspirasjon for kommende verk om instrumenter brukt til folkemusikalske uttrykksformer».  

Filmklippet visar Elisabeth Kværne si formidlingsevne og kunnskap om langeleiken og spelet i læremiddelet Noreg i dans og spel II. Filmet på Institutt for kunst- og medievitenskap, Dragvoll, Trondheim 17. oktober 2002.

Filmklippet nedanfor frå 2012 er prisvinnarpresentasjonen Elisabeth Kværne heldt då ho mottok Rff-prisen, Norsk senter for folkemusikk og folkedans sin pris for personar som har gjort ein særskilt innsats for folkemusikken og – dansen. Me har klipt ut litt frå tala hennar, og når ho spelar ein halling og ein springar på langeleiken. I avsluttinga av presentasjonen der ho fortel om sitt liv og verke kjem ho både med ein politisk appell og eit ønskje til folkemusikkmiljøet: 

Men til avslutning, eg kan ikkje forstå, langt mindre akseptere at ikkje vi i dette landet tek betre vare på kulturarven vår, at ikkje forvaltningsmyndighetene skjønner at det er ingen andre enn oss som kan gjøre det. (…).  Det hjelper ikkje med internasjonale konvensjonar, om ikkje vi kan kjenne oss att og forstå kulturuttrykka, og definere eller bry oss om forpliktingane våre. Det er ikkje likegyldig kva me definerer inn  i den materielle kulturarven (…) understreke samanhengen mellom det materielle og det immaterielle. (…). Eg har sett ei utvikling dei siste 20 åra frå ei tolking av  immateriell kulturarv der folkeminne, folkedikting, – musikk, – dans, folkeskikk og folketru gjerne med vekt kunstaspektet var det sentrale. -  og over i ei retning der dette blir tona ned, og den materielle kulturen blir utgangspunkt og  legg premissa på diskusjonen om kva det er viktig å fokusere på. I mitt hovud er det traderingsprosessen som er det sårbare og det sentrale, det kollektive korrektivet, oppfatning av kva som er innafor og utafor grammatikken. Og sjølvsagt må det her vera rom for å anerkjenne det kreative,  det nyskapande, det uvanlege, slik har det alltid vore. (…). Vi har det med å isolere det vi liker, og skrelle bort alt det andre i møte med folkekunsten. (...) Eg ynskjer meg større interesse for mangfoldet, meir kunnskap, meir raushet og større toleranse. 

Utdrag frå prisvinnarpresentasjonen til Elisabeth Kværne. Ho spelar ein halling og ein springar på langeleiken: 1. Halling etter gamle Beitohaugen, Øystre Slidre. 2. Springaren "Din lange fant, kor røten du er" med ei dansedokke til langeleik. Dansedokka som er vist er ein litt fri kopi av ein kar som er på Sogn museum, men temmelig nøyaktig lik den som Berit på Pynte brukte. Dansedokker er eitt av to utslag av marionetteteater i Noreg. Opptaket er gjort av Ivar Mogstad på Quality hotell Augustin, Trondheim 1. november 2012.

Norsk senter for folkemusikk og folkedans lyser fred over Elisabeth sitt minne.