Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Rff-prisen for 2019 vert tildelt Egil Bakka

Årets Rff-pris vert tildelt danseprofessoren, gründeren og fyrste direktør av Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Kommandør av St. Olavs Orden: Egil Bakka!

Egil Bakka har i fleire samanhengar blitt nemnt som folkedansen sin Asbjørnsen og Moe. Han har, i samarbeid med lokale eller nasjonale folkedansaktørar filma den sosiale samværsdansen i dei fleste bygdemiljø i Noreg sidan 1967. Det er også rikhaldige musikkopptak og intervju knytt til dette materialet. Dette materialet er av særleg kulturhistorisk verdi kor dansar som springarar, hallingar, valsar, reinlenderar, turdansar, songleikar og svingdansar er festa til filmmediet og viser stor danseglede, danseteknikk, dansekunne, kreativitet og variasjon hos heilt «vanlege» nordmenn. Den kulturhistoriske verdien har Egil Bakka sjølv vist gjennom sitt livsverk som i stort monn også har vore å formidla materialet gjennom bøker, danseinstruksjon og studier.

Det vart etterkvart stor etterspurnad i å koma og rekonstruera og få ny inspirasjon i arbeidet med dei lokale dansetradisjonane, med utgangspunkt i dei gamle filmane. Eit høgdepunkt vart dermed for Egil Bakka å få til utdanningstilbod i folkedans gjennom NTNU, Noregs teknisk-vitskaplege universitet. I 1989 vart det fyrste deltidsemnet i det som vart heitande «Folkedansstudiet» realisert, og profesjonaliseringa av folkedans som fag skaut fart. Endeleg kunne han formidla til store grupper av studentar eit analyseverktøy og eit rammeverk for rekonstruksjon av dans frå film, og vidare formidling av desse.

Dansefilmane, analysane av desse og spreiing av denne kunnskapen gjennom folkedansutdanningane, Bygda dansar-prosjekta og gjennom seminar i Noregs Ungdomslag og i FolkOrg, har endra arbeidet med folkedansen i Noreg betydelig. Dette arbeidet har vore så omfattande at det har fått internasjonal merksemd.

Egil Bakka er i dag ein betydelig internasjonal aktør både som forskar, førelesar og i arbeidet med UNESCOs konvensjon av immateriell kulturarv. Han er svært stolt over det internasjonale samarbeidet med opprettinga av den internasjonale Erasmus Mundus Master med namnet Choreomundus - International master in Dance Knowledge, Practice, and Heritage. Dette studieprogrammet har sidan 2012 uteksaminert 128 studentar frå over 60 land over 7 kull. Desse studentane vert lært opp i innsamling- arkiv og analysevertøya introdusert av Egil Bakka, og utvikla hos Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Hans norske og internasjonale nettverk, og Egils betydning nasjonalt og internasjonalt vart svært tydeleg i 2014 då han fekk sitt eige festskrift (Re)Searching the Field. Festschrift in Honour of Egil Bakka.