Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Spørjeundersøking om grenseoverskridande åtferd: -Vi løyser ikkje eit slikt problem åleine

I eit opprop i Aftenposten hausten 2020 uttrykte sentrale personar i folkemusikk- og folkedansmiljøet at tida var overmoden for å opne auga for at seksuell trakassering skjer i folkemusikken og folkedansen, og etterlyste at miljøet grip inn og tek ansvar. FolkOrg, Noregs Ungdomslag (NU) og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) tok oppropet på alvor, og har i haust gjennomført ei spørjeundersøking for å kartlegge omfanget av problemet.

Alle medlemane i FolkOrg og NU, og personar knytt til miljøet gjennom representantskapet til Sff vart invitert til å delta i spørjeundersøkinga. Svara som vart samla inn dannar grunnlaget for det vidare arbeidet med å utvikle strategiar og tiltak for å sikre trygge miljø.

- Føremålet med spørjeundersøkinga har vore å kartlegge situasjonen. Då kan vi sette inn dei rette tiltaka for å betre kulturen. Vi har laga ein plan for det vidare arbeidet og vi vil halde fram med å oppmuntre alle organisasjonar i miljøet til å ta arbeidet på alvor, seier Ellen Krageberg, direktør ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

- Vi som organisasjonar må ha god dialog rundt dette problemet, seier Kai Roger Vatne, generalsekretær i NU. - Vi løyser ikkje eit slikt problem åleine.

Undersøkinga vart gjennomført av Opinion, som rapporterer om tre viktige funn. Det første er at fleirtalet av medlemmane i FolkOrg og NU meiner at miljøet i organisasjonane er godt, og miljøet blir i stor grad omtalt som hyggeleg, inkluderande og trygt. Samtidig seier 15% av respondentane at dei har opplevd uønskt eller grenseoverskridande oppførsel på arrangement i regi av FolkOrg, NU eller Sff i løpet av dei siste 5 åra. Blant dei som har opplevd dette, er det flest som nemner at dette handlar om kommentarar om kropp eller utsjånad og vitsing om kjønn, etnisitet, seksuell orientering, funksjonsevne, alder eller kroppsfasong.

Vidare viser rapporten eit forbetringspotensial når det gjeld varslingskultur i organisasjonane. Fleirtalet av respondentane veit ikkje korleis dei skal varsle dersom dei blir utsett for ei uønskt eller grenseoverskridande handling. Eit mindretal seier at det er ein kultur i miljøet som oppmodar til varsling, og ein del er usikre på om dei ville ha varsla dersom dei skulle blitt utsett for noko. Svara frå dei som har opplevd uønskt oppførsel, viser at dei ikkje følgde opp ved å for eksempel seie ifrå til vedkommande eller varsle til andre i organisasjonen.

Ifølgje organisasjonen Balansekunst viser rapporten nokre tendensar som dessverre går igjen i kulturlivet. I undersøkingar dei har gjort til intern bruk ser dei også at dei fleste respondentane seier at dei opplever miljøet som godt, men at ein ikkje ubetydeleg del samtidig seier at dei har hatt ubehagelege opplevingar. Andre tendensar er at eit fleirtal svarar at dei ikkje varslar om opplevingane, og at mange ikkje er kjent med varslingsrutinane.

Eit tredje viktig funn er at det er tydelege forskjellar mellom aldersgruppene. Dei yngste respondentane (16-30 år) har oftare opplevd uønskt oppførsel eller grenseoverskridande handlingar, samtidig som dei også oftare har observert slik oppførsel. 8 av 10 i denne aldersgruppa seier at den som utførte handlinga var eldre enn den som vart ramma. Dei yngste medlemane har dessutan minst kjennskap til korleis ein varslar om uønskt eller grenseoverskridande oppførsel.

- Dette tar vi på høgste alvor, seier Kai Roger Vatne. - Det siste året har vi gjort ein del tiltak for å betre kulturen i NU. Vi har innført ei verneombodsordning for lag, medlemar og tilsette der dei kan ta kontakt om dei opplever uønskt eller grenseoverskridande oppførsel, i tillegg til at vi har revidert dei  etiske retningslinjer våre og gjort desse meir tilgjengelege. Men svara frå undersøkinga viser at dette er noko vi må jobbe vidare med.

- Eit tiltak vi har gjort i FolkOrg er å ta Balansekunsts merkeordning mot diskriminering og seksuell trakassering i kulturlivet, seier Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg. - Vidare skal vi jobbe med kampanjen «Har du folkemusikkskikk?», og vi skal etablere verneombod i løpet av 2022. Vi skal informere tydeleg om retningslinjene og rutinane våre for varsling, og vi skal oppmode lokallaga til å sette temaet på dagsorden og å gjennomføre Balansemerket sitt digitale kurs. Hovudnemndene på Landskappleikane og Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal ta det same kurset. Dette er eit arbeid som heile organisasjonen må ta del i.