Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Folkemusikk i ein tynn tråd

Denne teksten er forfattet av Ole Aastad Bråten, Liv Ramskjær, Tanja Holmen, Aslak Brimi, Leif Ingvar Ranøien og Frank Rolland, og sendt inn til Klassekampen Debatt der den ble publisert 28.10.2024.

Noreg skal bli verdas mest digitaliserte land, seier statsminister Jonas Gahr Støre, men toget går sakte for dei norske folkemusikkarkiva. I ti år har folkemusikkmiljøet jobba for ressursar til eit nytt, digitalt system som skal sikre musikkarven, men fortsatt uteblir pengane.

Folkemusikkarkiva i Noreg har i snart femti år registrert og gjort informasjonen om folkemusikken tilgjengeleg gjennom fagsystemet Fiol. Arbeidet har sikra kunnskapen om folkemusikken, og den har bidrege til auka interesse og rekruttering til sjangeren.

Gullet i arkiva har stor verdi. Her kviler dei musikalske røtene våre og mange finn inspirasjonen i å fordjupe seg i gamalt arkivmateriale. For spelemenn og -kvinner i alle sjangrar og band som Gåte og Valkyrien har arkiva stor betydning for musikken dei skapar. I ein einsformig, vestleg musikkultur kan studie av eldre musikk opne øyre for eit større musikkmangfald. For norsk og internasjonalt musikkliv representerer arvesylvet i arkiva store ressursar. Men utan ressursar til å utvikle ein ny, digital infrastruktur for dette materialet, risikerer vi no å miste musikkarven vår.

Fiol vart utvikla i eit norsk-svensk samarbeid på 80-talet. I 2003 vart systemet overtatt av Folkmusikens Hus i Rättvik – som sidan har utvikla programmet til eit komplekst datasystem med integrert audiovisuell presentasjon av lyd, film og bilde. Drifta av Fiol har heile tida vore sårbar, og i dag leiger Folkmusikens Hus tenester til support frå ein pensjonert, tidlegare medarbeidar. Slik er forvaltinga av norsk kulturarv.

Fiol har vore eit trufast verktøy i fleire tiår, men med siste versjonen, Fiol 6, er tida definitivt over for det gamle systemet. Då er det slutt på support og støtte. Etter Fiol 6 kjem ikkje nye versjonar. Det hastar med å få på plass eit nytt system for folkemusikkarkiva.

Ingen kan seie at dei ikkje har visst. I ti år har varsellampene blinka raudt. I 2013 presenterte Norsk senter for folkemusikk og folkedans ei utgreiing som peika på svakheitene ved Fiol. Sidan har eit samla arkivmiljø søkt politisk støtte for ressursar til eit nytt system. Det har vore møte med politikarar og byråkratane i departementet, og ansvarlege statsrådar har gitt svar til Stortinget så godt dei har kunne. Det siste året har sume skapt inntrykk av at Fiol likevel er godt nok. Men Fiol er ikkje godt nok. Fiol går på intravenøs. Fiol er snart historie.

Det er ei stor oppgåve å utvikle eit nytt, driftssikkert verktøy for folkemusikkarkiva. Arkiva sjølve manglar pengar og kompetanse til eit slikt arbeid. Andre aktørar må derfor koma på banen.

I fleire år har folkemusikkarkiva søkt samarbeid med Nasjonalbiblioteket. Dei har lenge drive med digitalisering og bevaring av audiovisuelt materiale, og her finst eit stort, velfungerande og utviklingsorientert miljø. Eit samarbeid med Nasjonalbiblioteket vil dessutan knyte småe og sårbare arkivmiljø til ein av dei største kulturarvsaktørane i landet. Meldinga om eit samarbeid med Nasjonalbiblioteket har politikarane fått høyre om lenge. Men Nasjonalbiblioteket treng mandat og pengar. Enn så lenge held departementet pengane tilbake.

Situasjonen for folkemusikken og folkedansen er kritisk. Utan eit nytt fagsystem spøkjer det for framtida for det digitaliserte folkemusikk- og dansematerialet. Kulturminister Jaffery har no ein unik moglegheit til å sikre lyden og filmen av Noreg. Blir du med, kulturminister?