1900-talsdans
Om 1900-talsdans
På byrjinga av 1900-talet vart det populært å danse pardansformer i Noreg som kom frå ein afro-amerikansk tradisjon. Dansane som feste seg i den norske folkelege tradisjonen var dansar dei kalla for blant anna tango, foxtrot, sving, rock og shake. Etter kvart vart pardansmotane erstatta av solodansar som vart kalla for blant anna disco, break, hip hop.