Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Transkripsjon av dans: Symbolbruk og skrivepraksis

Transkripsjon av dans: Symbolbruk og skrivepraksis utvikla ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans etter idé av Egil Bakka. Notat av Siri Mæland, basert på notat av Erling Flem.

Norsk senter for folkemusikk og folkedans har eigne skjema for transkripsjon av dans frå film. Med transkripsjon meiner vi her å skriva ned det eitt dansepar gjer i ei bestemt framføring så nøye som det er praktisk mogleg med det nedteikningssystemet vi brukar.

Poenget med transkripsjonsarbeidet er (å læra seg) å observera, analysera rørslene og føra dei over i skrift, og ein bør etter kvart som ein arbeider også prøva ting ut i praksis for å vera viss på at ein forstår best mogleg.

Når ein har sett ein bit av dansen, må ein analysera, dvs. prøva å forstå det som skjer og formulera det/etterlikna det. Dernest må ein skriva det inn i skjema, dvs. transkribera det.

Transkripsjon - kroppsliggjøring - beskrivelse - lære:

  • Detaljert transkripsjon av alle danseopptakene (fra samme tradisjon)

  • Testing og kroppsliggjøring i praktisk dans

  • Sammenligne alle transkripsjonene

  • Etablere vokabular og gramatikk

Det blir brukt tre typar transkripsjonsskjema

Takt/taktslag vert notert i første kolonna:

For Gut og Jente er det dansefoten (foten som har kroppstyngda) som skal førast inn. Dersom det samtidig vert gjort noko med ledig fot vert dette skrive under merknader.

V: venstre foten

H: høgre foten

B: begge føtene

VS er ei svikt (bøying + strekking) på venstre foten. NB! Stor «S» betyr svikt på ny fot mens liten «s» betyr ny svikt på same fot. For fleire sviktar på same fot skriv vi ikkje om igjen fotsymbolet:

VS s (ein dobbel svikt på venstre foten). Fleire sviktar på same fot: HS s s s s VS s s.

Les meir om sviktanalysesystemet på sidene 62-64 i Norske folkedansar : turdansar (nb.no).

Bruk det talet ruter du treng.

Eksempel vals (den fjerde ruta lar du stå open):

Eksempel reinlender (Fire ruter for reinlender):

Eksempel Polka (to ruter for kvar takt):

Dersom dansaren trør ein svik over to taktslag er det praktisk å skrive foten i første ruta og sviktsymbolet i andre, som i 2. takta på polkaen over.

Marker alltid retninga på T-trinnet:

T/ oppover

T\ nedover

Eit hopp (frå eine foten til andre eller til same foten, frå ein til begge, frå begge til ein, eller fra begge til begge) vert skriven som en liten «h» øvst i høgre hjørne i ruta på den foten/ føtene ein hopper fra (der ein satsar og forlet golvet):

BSʰ            VSʰ           HSʰ           VT/ʰ

Appell vert notert med “!”

Trø i golvet: VS! (noter om det er ledig for eller dansfot som har appellen)

Slag på hælen: Hh!, Vh!, Hv!, Vv! Eventuelt: Hh! + Vv! (Små bokstavar er hendene)

Slå hælane i hop: HV!

Samdansmotiv: Tak, aktør, retning

I fjerde kolonna skriv me inn symbol for samdansmotiva: Tak, aktør, retning og eventuelle merknader.

Eksempel reinlender:

Tak: Me skriv med enkle symbol korleis dansarane held saman (h/v = Paret held saman: guten held saman med høgre, og jenta held saman med venstre)

Aktør: Fortel kven som er hovedpersonen i motivet

Retning: Fortel om danseretningen for motivet.

Merknader: Her kan ein skrive inn tilleggsopplysningar som ikkje vert dekka av dei andre felta, t.d. vanleg å skrive inn ledig fot, eller ledig hand og anna.

Me nyttar litt ulik terminologi for samdansmotiv etter dansegrupper og/eller dansetypar. Les meir om fjerde kolonna og bygdedansmotiv på sidene 16-24 i Springar, gangar, rull og pols : hovudliner i eldre norsk folkedanstradisjon (nb.no), Nasjonalbibliotekets scanning av Egil Bakkas magisteravhandling.

Me tilpassar skjemaet etter behov også til anna pardans, turdans, songleik, songdans, men denne måten å transkibere på dannar også utgangspuktet for desse. Terminologi for runddansmotiv finne de nedst på sida.

Sving/rock har eige skjema.

Nedteikning

På grunnlag av transkripsjonane formulerer me det me har funne ut om dansen (dansekonseptet); rammene for dansen, byggesteinane i dansen: kva som er faste variablar, kva som er variasjon og grunnlaget for variasjon og improvisasjon i kroppsbruk, motiv- og stegbruk .

Skal ein bruka transkipsjonane til dansenedteikning har ein på sentret utvikla ein måte å skriva ned dansen på med hovudoverskriftene: Danseordning, Steg, Stegforklaringar, Samdansmotiva i dansen, Merknad med informasjon om dansetradisjonen og opptaka. Me nyttar ord som i ei vanleg ordforklaring, men det er vanleg å bruka den dansetekniske terminologien for danseanalyse, bygdedans-, runddans og turdans.

Kjelder

Bakka Egil (1989 [1978]) Springar, gangar, rull og pols. Hovudliner i eldre norsk folketradisjon (s. 16–24). Trondheim: Rådet for folkemusikk og folkedans.

Bakka Egil, Aksdal Bjørn og Flem Erling (1992) Variasjon i dialekt og alder i springar og pols ( s. 54-60). Trondheim: Rådet for folkemusikk og folkedans.

Bakka, Egil 1989-2012 Hovuddans orientering.

Flem, Erling (u.å) Symbolbruk og skrivepraksis ved Rff-sentret. Notat.

Vidare lesing:

Bakka, Egil. 2007. "Analysis of traditional dance in Norway and the Nordic countries." In Dance structures: Perspectives on the analysis of human movement, edited by Adrienne L. Kaeppler, 103-112. Budapest: Akadémiai Kiadó.