Kildekritikk
Arkivmateriale må tolkast ut frå den konteksten det er filma i, kva stilideal som var i tida, kor mykje dei er prega av folkedansbevegelsen, kven av dei i materialet som vart rekna i si tid som stordansar osv.
Dette er eit fag som ein ikkje ventar at alle grip umiddelbart, ikkje noko ein klarer å skrive ned for å lære bort, men som med anna handlingsboren kunnskap er noko ein får meir grep om ved røynsle.
Tilsette ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans kan hjelpa til med tolkinga, men ofte vil det også i tradisjonsmiljøa sjølve vera personar som var med å filma, som opplevde dansarane medan dei levde og som kan hjelpa til med kontekstualiseringa.
Filmmediet er eit todimensjonalt medium, og er ope for ulike tolkningar. Det skrevne ordet er derimot en-dimensjonalt, og verkeleg ei kjelde som ikkje er mykje til å stola på når det gjeld dansemateriale. Skriftlege kjelder er ypparlege til kontekstualisering, til å seie noko om dansen i miljøet, og om dansarane. Skriftlege kjelder kan gje tilleggsopplysingar om sjølve danseforma, ein ide om motivmangfald, men å rekonstruera dans utfrå berre skriftlege kjelder vil gje særs mange feilkjelder.
Ved norsk senter for folkemusikk og folkedans har me respekt for det levande tradisjonsmiljøet som finnes i dag. På sentret har me rik røynsle med at arkivmaterialet ikkje alltid stemmer overeins med slik tradisjonen er forvalta i folkedansmiljøet i dag. For nokre i miljøet er arkivmaterialet ei spennande skattekiste, medan andre føler seg trua over at det finnes andre måtar enn deira måte å spele og danse på. Fleire av desse er vakse opp med trua på ei rett dansefarmføring. Variasjon er derfor ein ukjent tanke. Det er vår jobb å ufarleggjera dette. Me er ikkje tradisjonspoliti – men me ønskjer å oppmoda til variasjon, til å utvida mangfaldet i tradisjonen og gjera han rikare.
Fordi: Folkedanstradisjonen har alltid vore mangfaldig, variert og prega av personlege uttrykk. Me ønskjer difor å stimulere til at ein i folkedansmiljøet omfamnar personleg stil, til å danse variert – og at dei som dansar kan ha ein stor variasjonsbank å velje frå – både dagens tradisjonsbærarar og tidlegare dansestilar og variasjonar. Sjå også tankane om kroppslig ideal, estetikk og mangfald.