Hei,

IMG 0944for fire år sida hadde vi vår siste eksamen i utøvande tradisjonsdans ved NTNU og Ole Bull akademiet og var klare for å entre verden som nyutdanna tradisjonsdansarar. Sida da har vi jobba med dans på ulike vis, både saman og kvar for oss, og i andre konstellasjonar. No i juni har vi hatt reunion i Trondheim, og vi hadde ei artig helg i dansesalen vår ved Sff-sentret. Det var veldig kjekt å vera samla alle fire igjen, og vi koste oss med mimring, dans og mykje prat.  Her kjem ei lita helsing frå oss, og litt om kva vi har gjort sia sist. 

 


Mathilde Øverland (Molde):
Etter studia i Trondheim har eg har tatt emne i nordisk og historie på Blinderen, hatt yogapraksis i India og og arbeida frilans med undervisning før eg i 2014 fekk jobben som prosjektleiar i Bygda dansar Akershus. Her underviser eg, organiserer og lagar nye forestillingar basert på lokalt tradisjonsdansmateriale. I Oslo har eg vorte inkludert og godt motteken i eit større dansemiljøet kor mange har bakgrunn i samtidsdans. Eg har vore aktivt med på workshops og festivalar, og fått sett mykje forestillingar og visningar. Forutan samarbeidet med Anna og musikarane i Hildur dansekompani er eg med diverse ulike konstellasjonar. Særleg stas er det med kunstnarkollektivet FOLK som har fått støtte til å lage forestilling: ein konsert i forflytning i eit langstrakt scenerom. Til hausten er eg utøvar i soloprosjektet «Denne Stunden» som skal turnere med spaserstokken i Møre og Romsdal, det gler eg meg også veldig til! Eg opplever elles stadig vekk at folk flest i min generasjon er svært nysgjerrige og positive når eg fortel at eg driv med folkedans, og mange uttrykker at dei gjerne skulle ha lært meir.

 

Anna Gjendem (Molde):
Etter studia i Trondheim tok eg ein mastergrad i Tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark. Masteroppgåva bygde vidare på arbeidet eg alt hadde gjort rundt springdansen frå Romsdal. Ein dans det var vel verdt å bruke enda to år til å studere. Eg har sidan 2013 vore dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Her får eg brukt min kompetanse, får utfordringar og satt ut i livet mange av ideane mine innan eit felt eg interesserar meg for. I løpet av desse fire åra har eg og fått dansa mykje både sosialt og gjennom arbeid som dansar, og eg har verkeleg hatt god nytte av utdanninga. Eg har turnert i Kultursekken, undervist i diverse ungdomslag, Høgskular, skular osb. I 2014 fekk eg saman med Britt Elise Skram (felespelar) kunstnarstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Stipendet vart brukt til å lage forestillinga ”Eg visste ikkje du kunne danse” i samarbeid med Teatret Vårt (Regionteatret i Møre og Romsdal). Eit verkeleg utfordrande og spanande prosjekt som til hausten skal ut på turne igjen. Mathilde Øverland og eg starta i 2014 ”Hildur Dansekompani” som i dag har vorte eit kompani med fem utøvarar og tre produksjonar.
Eg angrar ikkje på vegen eg har valt. For meg er det heilt greitt å bruke mange timar kvar veke på å køyre hit og dit i Noreg for å gjere det eg trivst best med – å danse, undervise dans og formidle dans.

 

Inga Myhr (Trysil):
Eg har vore tilsett ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans sidan eg var ferdig med studia i Trondheim. Eg har hatt mange ulike arbeidsoppgåver og har fått boltre meg vidare i tradisjonsmaterialet i arkivet, vore med og utvikle nye studiar innanfor tradisjonsdans og formidla arkivmaterialet ut til folket. Eg undervist i seks ulike danseemne ved NTNU og ikkje minst vore prosjektmedarbeidar i Bygda dansar i Hedmark. I Bygda dansar har eg mellom anna fått undervise fleire tusen ungdommar i dansetradisjonar frå sitt fylket og laga forestillingar basert på tradisjonsmaterialet frå Hedmark i samarbeid med ungdommar, kollegaer og profesjonelle musikarar og koreografar. I 2013 starta Mathilde Øverland og eg på ein draum vi har hatt sidan vi gjekk på vidaregåande i lag. «FODALI» blei fødd, eit undervisningsopplegg i folkedans som er skreddarsydd for danseliner på vidaregåande skuler. Vi har laga ein pilot som vi gler oss til å utvikle. Våren 2013 var eg med i framsyninga «Fossegrimen» ved det Norske Teater i Oslo. Ei stor oppleving for meg å vera med på, og eg lærte utrolig mykje av alle dei eg fekk jobbe med både på og bak scenen. Elles har eg undervist born og unge fleire stader rundt om i Noreg, aller mest stas å få gjera det i heimfylket, Hedmark. Det er noko av det kjekkaste eg gjer! Eg er svært glad og stolt over utdanninga mi og gler meg på å danse, undervise og formidle dans i framtida.

 

Torill Steinjord (Grytøy, Harstad)
Sia eg gjekk ut av studiet har eg flytta heim til Harstad (Troms) kor eg trivst best og kan bidra til å vidareføre den nordnorske tradisjonsdansen. Eg har ein allsidig kvardag eg jobbar både som dansekunstnar, koreograf og pedagog. Eg har dansa og turnert med “Karmer kring blå” - RESiDANS 2013, opptrått på bl.a. Festspillene i Nord-Norge, Kalottspel, og jobbar nå med forestillingar i ulike konstellasjonar. Eg underviser på dansekurs for folk i alle aldrar frå born til gamle - det blir både helgekurs og meir jamleg i leikarring. Saman med musikar Nina Fjeldet har eg turnert med workshopen “Den gjerrige mannen” gjennom DKS i Troms. Eg har jobba mykje med scenekunst for og med ungdom bl.a. som koreograf i Bygda dansar-forestillinga “Svartefela”; NU-prosjektet “Dans og demokrati”; ungdomsteater i Den unge scenen; og norsk-russisk folkedans og ungdomsteater gjennom UKM Arctic.  ein periode var eg vikar som fagkonsulent i dans ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans - kor eg jobba mykje i arkivet, med formidling av tradisjonsdans for ulike grupper og undervisning av studentar ved Dansevitskap - blant anna saman med Inga. Og som frilansar har eg også jobba som lærarvikar og heimehjelp for at kvardagen skal gå rundt. Men det er det absolutt verdt når eg for det meste får halde på med det eg brenn for!

 

 

Takk for at vi fekk utdanne oss innanfor tradisjonsdans. Vi vonar at fleire får same moglegheit som oss, for vi ønskjer oss fleire kollegaer.

Helsing Anna, Mathilde, Torill og Inga.   

20160605 154339

  

 

 

Postadresse:
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Dragvoll, Idrettssenteret
7491 Trondheim

Besøksadresse:
Loholt Allé 81
Dragvoll, Idrettssenteret,4. etasje
(7049 Trondheim)

E-post:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Sff alle rettigheter | admin | adminb | Webside levert av fagtrykk.no

Ekstra informasjon