Implementeringa av UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv i Noreg

Rådet for folkemusikk og folkedans hadde sitt årlege Representantskapsmøte i Trondheim 31. oktober. Her deltok et bredt spekter av representantar for Rådets tre hovudsektorar innafor arbeidet med folkemusikk og folkedans i Noreg; Presentasjon og formidling, Høgare utdanning, forsking og arkivdrift og Utøving og grunnopplæring. Møtet vedtok å be Rådet om å senda følgjande resolusjon til Norsk kulturråd på vegne av Representantskapsmøtet:

Representantskapsmøtet gjer Norsk kulturråd merksam på at Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Rådet for folkemusikk og folkedans har kompetanse som bør nyttast i det vidare arbeidet med implementeringa av UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv i Noreg. Det vere seg deltaking i ein framtidig ekspertkomité eller kompetanseheving for aktørar som arbeidar innafor det immaterielle kulturarvfeltet.

  

 

 

Postadresse:
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Dragvoll, Idrettssenteret
7491 Trondheim

Besøksadresse:
Loholt Allé 81
Dragvoll, Idrettssenteret,4. etasje
(7049 Trondheim)

E-post:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Sff alle rettigheter | admin | adminb | Webside levert av fagtrykk.no

Ekstra informasjon