Representantskapsmøtet er generalforsamling for Rådet. Det kjem saman ein gong i året, seinast 15. november, og er med og stakar ut dei store linjene i Rådet sitt arbeid gjennom drøftingar av prinsippielle og faglege spørsmål.

Det godkjenner årsmelding, langtidsplan med budsjett og rekneskap for midlane Rådet har råderetten over. Det skal òg vera eit forum der alle sektorar i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans møtest og drøfter og fremjer saker av felles interesse med Rådet som utøvande organ. Kvart fjerde år vel Representantskapsmøtet medlemer og varamedlemer til nytt Råd.

Representantskapsmøtet si samansetjing
Nasjonale organisasjonar, frittståande, regionale organisasjonar, nasjonale og regionale institusjonar som arbeider med norsk folkemusikk og/eller folkedans kan få røysterett på Rådet sitt Representantskapsmøte. Dei får då eit visst tal røyster etter reglar i vedtektene. Dei kan senda ein utsending for kvar av røystene sine.

Sist oppdatert ( torsdag 10. mai 2007 )

  

 

 

Postadresse:
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Dragvoll, Idrettssenteret
7491 Trondheim

Besøksadresse:
Loholt Allé 81
Dragvoll, Idrettssenteret,4. etasje
(7049 Trondheim)

E-post:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Sff alle rettigheter | admin | adminb | Webside levert av fagtrykk.no

Ekstra informasjon